logo
 
logo

 Seljord Personal AS, Postboks 84, 3835 Seljord - Tlf.: 35 06 59 50 - E-post:post@seljordpersonal.no
 
Framside | Om oss | Tiltaka våre | Aktivitetar | Treningstips | Treng du arbeidskraft ? | Samarbeidspartnarar | Metodeval |
 
Seljord Personal AS
Postboks 84
3835 Seljord

Besøksadresse :
Brøløsvegen 28

Tlf.: 35 06 59 50,
E-post:post@seljordpersonal.no



Seljord Personal er EQUASS Assuranse sertifisert. EQUASS er et europeisk system for kvalitetssikring av velferdstjenester.

VERDIGRUNNLAGET VÅRT:

MOT
Vi snakkar saman også om det som er vanskeleg




OPEN
Vi snakkar saman og løyser utfordringar saman




RAUS
Vi tek vare på kvarandre og er stolte av kvarandre




ANSVAR
Vi skal syte for at alle får ein sjanse




LIKEVERD
Vi meiner at det for alle menneske skal vera mogeleg å ta del i samfunnet
3. januar starta fyrste avklaringskurset i 2012, dette er alt fullteikna!

Neste kurs startar 21. februar 2012. For å få plass på dette, må ein kontakte fastlege eller NAV og be om at dei søkjer inn til denne aktiviteten.

Lenke: Avklaring av ordinære arbeidssøkjarar



KURS I MEISTRING AV DEPRESJON (KID KURS)
Depresjon er ein utbreidd folkesjukdom. Ein reknar med at kvar sjette person i landet blir råka av denne sjukdomen. Ved depresjon er det vanleg å isolere seg, kjenne på manglande energi og motivasjon. Dette påverkar i stor grad livssituasjonen vår både i arbeid og fritid.

Velkomen til Seljord Personal AS

Seljord Personal AS er eit ressurssenter for arbeid og helse.
Vi legg stor vekt på å informere våre kundar og arbeidssøkjarar om tilboda Seljord Personal kan gje. Som kunde, sjukemeldt eller arbeidssøkjar kan du ta direkte kontakt med Seljord Personal eller ditt lokale NAV-kontor, for å få meir informasjon om dei tilboda som finns.

Hovudoppgåva er å motivere arbeidssøkjarar slik at dei når sine mål. Dette gjer vi gjennom samtaler, kompetansekartlegging, arbeidstilpasning og jobbformidling med bistand. Vi legg og stor vekt på fysisk aktivitet og heilhetleg helseretta tenkning. Seljord Personal yter tenester til det lokale næringsliv og samarbeider med private og offentlege bedrifter i høve arbeidstrening og jobbformidling.  På denne måten vert vi kjent med arbeidsøkjarane og kva ynskje og behov den enkelte har.

 bilde

bilde



Sjekk dette huset!

Bilde

Lurer du på hvordan du skal stable all veden du har? Her kommer det et forslag. Dette huset er laget av bjørk og or.

Les artikkelen på NRK Østafjells: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.7860564



Har fått europeisk kvalitetsstempel

bildeSeljord Personal er ein av dei fyrste attføringsbedriftene i Telemark som har fått kvalitetsgodkjenninga Equass.

Equass – European Quality in Social Services – er eit europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester med ekstern revisjon og sertifisering. Dette skal gje tenesteaktørane i velferdssektoren høve til å sikre kvaliteten av tenestene overfor brukarar og samarbeidspartnarar.
Denne veka fekk Olav Moen, dagleg leiar i Seljord Personal, stadfestinga på at attføringsbedrifta i Seljord har fått kvalitetsstemplet. I to år har dei arbeidd mot å bli sertifisert. Moen medgjev at det har vore ein krevjande prosess, og trekkjer fram innsatsen frå dei sju tilsette i bedrifta. 

Les artikkelen i VTB (Artikkelen er publisert 02/04-2011)



Nyhetsbrev – tall og analyse fra Attføringsbedriftene

- Vi ønsker å gjøre deltakerne synlige
Godt samarbeid med næringslivet og Nav. Rask utprøving direkte i arbeidslivet. Slik beskriver daglig leder Olav Moen årsakene til at Seljord Personal AS har lykkes så godt i sitt formidlingsarbeid i år.

Last ned og les heile PDF dokumentet her. (nyhetsbrev_tall_og_analyse_6.PDF - 550 kb)



Rupejakt i Brattefjell

bildeFantastiske haustdagar!

Seljord Personal ser det som særs viktig å nytte naturen for å få inspirasjon til å møte dei utfordringane som kjem når ein for ein periode står utanfor arbeidslivet.

Gjennom felles opplevingar trur vi det er lettare å få ein god dialog for å nå målet om arbeid og aktivitet for kvar enkelt arbeidssøkjar.

Denne dagen var vi så heldige å få lov av ein grunneigar til å besøkje Brattefjell. Med matpakke i sekken reiste vi på tur med motiverte deltakerar og engelsksetteren Ira.

Strålande sol og vindstille gav uutslettelege inntrykk for oss alle!

Grip dagen, bruk den og nyt minna i etterkant!



Arbeidsoppdrag på Dyrsku`n

Nå er det siste innspurt før Dyrskuhelga 10 -12 september! Seljord Personal har travle dagar med klargjering og rigging av utstyr for å gjere utstillerar og publikum til lags i høve den store kulturopplevinga i Seljord!



Avisartiklar
Snarveien til jobben
 – Hadde ikkje kome meg tilbake åleine
 varden VTB
Seljord Personal har funnet snarveien tilbake til jobb for sykemeldte. Av 31 langtidssykemeldte som deltok i fjor, er bare fire fortsatt uten virke. (Tekst /foto: Varden)Jorunn Manheim Torjussen, Bente Veisene Angre og Olav Bergskås har til felles at dei etter lang tids sjukmelding no er tilbake i arbeid. (Tekst/foto: Vest-Telemark Blad)


Studietur til Island
BildeI mars  var dei  tilsette hjå Seljord Personal AS  på studietur  og strategisamling til  Island. Vi besøkte rehabiliteringsenteret  Reykjalundur. Senteret blei opna som eit tuberkulosesenter i 1938 og har i dag utvikla  seg til å bli  Islands største rehabiliteringsenter.

Vi fekk orientering om store endringar i attføringsaktiviteten som ei fylgje av finanskrisa som Island har vore igjennom. På to år har arbeidsløysa auka til 10% og samstundes har den islandske stat redusera bruken av midlar på arbeidsretta rehabilitering. Dette  gjev både attføringsbedriftene og brukaren store utfordringar i det daglege.

 I tillegg til fagsamlingar var det og tid for nokre turistattraksjonar.  Vi opplevde  rykande  svovelkijeldur og putrande leirkratre i  Geysirområdet  og vi såg Islands mest kjente fossefall Gullfoss. Vi fekk og besøke nasjonalparken Thingvellir der dei to kontinentalplatene møtast, den euroasiatiske og den amerikanske. Island  var ei stor  oppleving både fagleg og sosialt, og eit av høgdepunkta var badet i den Blå lagune,  som er eit utandørs spabad med mineralhaldig vatn.



Webadmin | Lavine Websystem er utviklet av Nor-Rec 2008